Olav Grimstad

Eg er fødd 17/1 1950, og er oppvaksen i Ørsta på Sunnmøre. Den kunstnarlege utdanninga mi har eg frå kunststudier ved Manger Fylkesskule (under m.a. Øyvind Aksnes) i 1970, formingslærarskulen i Bergen og kunsthistoriestudier (grunnfag) ved UiO i 1977. Utover dette er eg autodidakt i  akvarellmaling, og har etter fleire tiår i faget opparbeidd ein grundig erfaringsbakgrunn og rutine. Sidan 1977 har eg budd og arbeidd i Hurum ved Oslofjorden, der eg ved sidan av akvarellmalinga har undervist i forming i ungdomsskolen. Sidan 1998 har eg drive mitt eige kunstgalleri og  antikvariat på Storsand i Hurum: Galleri&Gallera.
Eg har teke del i ei lang rekke utstillingar sidan debuten i Ørsta Kunstlag 1977. Fleire kommuner har kjøpt arbeida mine, og eg har designa mange større og mindre grafiske arbeid, hefter, brosjyrer, plakatar, logoar og lignande. Eg har også utført bokillustrasjonar. I tilegg har eg i en rekke år undervist i akvarellmaling ei periode kvar haust på den Liguriske rivieraen i Italia .
Eg har fått Dan Anviks minnefonds ærespris for 2004, samt Hurum Kommunes kulturpris for 2004.
Du kan nå meg på tlf 47283357 eller via mail:
olav@gallerigallera.no

 

Velkomen!

Hjarteleg velkomen til sidene mine! Her får du eit inntrykk av kva eg driv på med.

Frå atelieret
Eit lite gløtt inn i arbeidsromet mitt.
Frå atelieret
...og frå andre sida